Framlegg kommunal planstrategi

Innhold

Framlegg til kommunal Planstrategi for Drangedal kommune 2016-2020

Framlegg til kommunal Planstrategi er lagt ut til offentlig ettersyn i 30 dager, jf. Plan- og bygningsloven § 10-1.

Planstrategien skal omfatte ei drøfting av kommunen sine strategiske val knytt til samfunnsutvikling, som gjeld både langsiktig arealbruk, miljøutfordringar og sektorane si verksemd.
Føremålet med den kommunale planstrategien er å få ei samla oversikt og vurdering av kommunen sitt planbehov i kommunestyreperioden basert på utfordringar kommunen står overfor. Planstrategien kan i tillegg gje føringar for kommunen sitt plansystem og planressursar.
Planstrategien er ikkje ein plan, men eit verktøy for kommunen til å fastleggje og prioritere det vidare planarbeidet.

Frist for merknader er 10.desember 2016, men av omsyn til sakshandsaminga må ein be om eventuelle merknader så snart råd er og helst innan 1. desember 2016.
Merknader skal merkast «kommunal planstrategi 2016-2020» og stilast til Drangedal kommune , Gudbrandsveien 7, 3750 Drangedal eller via epost til postmottak@drangedal.kommune.no

Framlegget vert også lagt ut på kommunen sitt servicekontor.

Kommunal planstrategi for Drangedal kommune 2016-2020

Drangedal kommune samfunnsdelen 2015 - 2026

Folkehelseprofil 2016


Publisert: 10.11.2016 20:46
Sist endret: 10.11.2016 20:57